965 meldingar til statsministeren

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag 13. desember overleverer barneombod Reidar Hjermann ei bok med 965 meldingar frå barn og unge til statsminister Jens Stoltenberg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mjølkekartongane frå Tine oppmoda alle unge til å seie frå om kva dei meiner. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)Mjølkekartongane frå Tine oppmoda alle unge til å seie frå om kva dei meiner. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)

(NPK): Sidan 1. september har mjølkekartongane frå Tine oppmoda alle unge til å bruke retten sin til å seie frå om kva dei meiner.

Via Barneombodets nettsider har dei hatt høve til å sende elektroniske postkort, som no altså er samla i ei bok.

Kampanjen har vore ein kjempesuksess, melder Barneombodet. Meldingane har spreidd seg over mange og ulike tema. Tre på topp har vore:
1. Meir gym og symjing på skolen, 2. Heller lang skoledag og mindre lekser og 3. «Vi vil ha skolemåltid!».

- Dersom vi skal få vite kva dei unge tenkjer, må vi sørgje for at dei får sjansen til å seie frå. Det er ingen mangel på unge stemmer, men vi må stoppe opp og lytte til det dei seier om kvardagen sin, seier barneombod Reidar Hjermann.

På dagen som blir rekna som den mørkaste i året, er det at Luciatoget frå Løren skole i Oslo troppar opp på statsministerens kontor og overleverer «Sei frå»-boka til Jens Stoltenberg. (NPK)