Vil stoppe sosial dumping
Bjarne Håkon Hanssen vil hindre sosial dumping. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)
(NPK): No melder forbruker.no at arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen vil gjere grep for å hindre sosial dumping.
- Problemet er at det er folk der ute som skruppellaust vil tilpasse seg nye reglar. Dette er eit viktig slag, som handlar om vi skal ha eit todelt arbeidsliv eller ikkje, seier han.
- Kostnadene spelar sjølvsagt ei rolle, men hovudmelodien er at dette handlar om behov for arbeidskraft, svarar Tor Steig, sjefsøkonom i NHO. (NPK)