Eigne kvinnetaxiar i Iran

Artikkelen fortsetter under annonsen

No bli det mogleg å unngå kontakt med det motsette kjønn når ein skal ut og køyre taxi i Iran.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

No kan iranske kvinner ta taxi utan å måtte kome i kontakt med menn. Det skal drosjeselskapet «Kvinnenes sikre køyretur» sørge for, ifølgje den danske avisa

Politiken

.

No kan ein køyre taxi i Iran, utan å måtte utsetje seg for mannleg påverking. (Foto: http://www.sxc.hu/photo/450300)No kan ein køyre taxi i Iran, utan å måtte utsetje seg for mannleg påverking. (Foto: http://www.sxc.hu/photo/450300)

Drosjeselskapet skal berre frakte kvinnelege passasjerar, og sjåførane skal utelukkande vere kvinner. Det er vidare eit krav at sjåførane skal vere gifte, og dei skal bere uniform.

Offentlege bussar i Iran har separate avdelingar for kvinner og menn, men taxiane har hittil vore overfylte av representantar for begge kjønn.