Slår saman Spis og Grilstad

Kjøtprodusentane Spis og Grilstad har bestemt seg for å fusjonere. Det nye selskapet vil få namnet Spis Grilstad og ha meir enn 900 tilsette.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto : Berit Roald / Scanpix)(Illustrasjonsfoto : Berit Roald / Scanpix)

Oslo (ANB): Det er Mørekjøttgruppa og Reiten & Co som eig Spis, mens Jensen Holding eig Grilstadgruppa. Det nye selskapet vil få ei omsetjing på omkring 2,2 milliardar kroner.

- Gjennom denne samanslåinga etablerer Spis Grilstad ein leiande posisjon innan norsk næringsmiddelindustri, seier nytilsett konsernsjef Leif Stråtveit, som tidlegare har vore konsernsjef i Kavli. (ANB)

Personvernpolicy