Tvil om kven som skal avlive påkøyrde dyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2005 vart 1.279 dyr påkjørde av toget. I dag kan lokføraren velje om han eller ho vil ha våpen om bord på toget for å avlive påkjørde dyr. Frå nyttår seier NSB nei til ordninga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Nynorsk Pressekontor, NPK

6.500 hjortevilt vart påkøyrt og drepne i trafikken i løpet av jaktåret 2005/2006. Vegtrafikken sto for 85 prosent, og toget resten. Biletet er frå Hanestad stasjon på Rørosbanen. (Foto: Arne Sigurd Haugen, NPK)6.500 hjortevilt vart påkøyrt og drepne i trafikken i løpet av jaktåret 2005/2006. Vegtrafikken sto for 85 prosent, og toget resten. Biletet er frå Hanestad stasjon på Rørosbanen. (Foto: Arne Sigurd Haugen, NPK)

Det skjer til sterke protestar frå Norsk Lokomotivmannsforbund. Påkøyrslane medfører store lidingar for dyra og er eit stort arbeidsmiljøproblem for lokførarar og konduktørar. Øystein Aslaksen, leiar i Lokomotivmannsforbundet, er sterkt kritisk til at våpna blir fjerna.

- Viss vi ikkje kan avlive på staden, må vi køyre frå dyr som lid. Jernbanesporet ligg mange stader langt unna veg, og difor kan det ta lang tid før viltnemnda er på plass, seier Aslaksen.

- Det høyrer ikkje med til ein lokførarjobb å avlive dyr som har blitt påkøyrde. Det ansvaret er det Jernbaneverket som har, seier informasjonssjef i NSB, Preben Colstrup, til NRK Hedmark og Oppland. Colstrup presiserer at våpenordninga bryt med våpenlova, og at våpna skal fjernast frå alle tog.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vart 6.500 hjortevilt påkøyrt og drepne i trafikken i løpet av jaktåret 2005/2006. Vegtrafikken stod for 85 prosent, og toget resten.

Har søkt om våpenløyve


Leiaren i Lokomotivmandsforbundet Øystein Aslaksen opplyser til jeger.no at NSB Anbod AS som vann konkurransen om Gjøvikbanen og overtok køyringa på denne strekninga frå juni i år, har søkt om våpenløyve.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Innvilgar politiet denne søknaden, kan det gå mot ei løysing på alle jernbanestrekningar. Vi får håpe at det skjer, seier Aslaksen som hevdar at NSB viser «uvilje» i spørsmålet om det skal vere våpen eller ikkje på toga.

Rørosbanen og Nordlandsbanen


Det er særleg mange påkøyrslar på Rørosbanen og Nordlandsbanen.

I Hedmark finst landets største elgstamme, og trafikken er stor både på veg og bane. Ifølgje SSB vart 556 elgar og 356 rådyr drepne i trafikken i Hedmark i løpet av jaktåret 2005/2006. 39 prosent av påkøyrslane skjedde på jernbanen.

6.500 hjortevilt vart påkøyrt og drepne i trafikken i løpet av jaktåret 2005/2006. Vegtrafikken stod for 85 prosent, og toget resten. Biletet er frå Hanestad stasjon på Rørosbanen.