Jagland meiner Telenor bør selje seg ned

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stortingspresident Thorbjørn Jagland (Ap) klappa høglydt då fredsprisvinnar Muhammad Yunus i Nobelforedraget sitt utfordra Telenor til å overlate aksjemajoriteten i Grameenphone til Grameen Telecom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Muhammad Yunus og representanten for Grameen Bank, Ms. Mosammat Taslima Begun, kom til Oslo Rådhus i går for å ta imot Fredsprisen for 2007. (Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX / POOL)Muhammad Yunus og representanten for Grameen Bank, Ms. Mosammat Taslima Begun, kom til Oslo Rådhus i går for å ta imot Fredsprisen for 2007. (Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX / POOL)

Oslo (NTB): - Eg er heilt samd med Yunus, seier Jagland.

Den tidlegare statsministeren og utanriksministeren meiner Telenors eigardel i det særs lukrative selskapet bør tonast ned til fordel
for Grameen Telecom, som er bygt opp av fattige kvinner frå Bangladesh.

- Telenor har vore viktig for å få dette på beina og har gitt Yunus viktig støtte. Men det er viktig at det dei fattige driv med blir så vellukka at dei ikkje blir bundne av hjelp. Bindinga er grunnen til at de blir haldne nede, seier han til Dagbladet.

Telenor-leiinga har bestemt seg for å unngå ein offentleg krangel med fredsprisvinnaren om eigarstriden, sjølv om prisvinnaren brukte Nobelforedraget til å hevde sitt syn. I dag kontrollerer Telenor 62 prosent, og Grameen Telecom 38 prosent av Grameenphone.

- Viss ein kunne få gjort dette på ein måte begge partar kan vere samde om, ville det vere eit stort gjennomslag for Yunus sin måte å tenkje på, seier Jagland. (©NTB)