SV går fram på ny meningsmåling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sosialistisk Venstreparti går fram 1,1 prosentpoeng til 7,4 prosent på ei meiningsmåling som Norstat har gjort for avisa Vårt Land.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

SV-leiar Kristin Halvorsen opplever framgang på målinga. (Foto: Bjørn Sigurdsøn/Statsministerens kontor)SV-leiar Kristin Halvorsen opplever framgang på målinga. (Foto: Bjørn Sigurdsøn/Statsministerens kontor)

Oslo (NTB): Regjeringskollegaen Senterpartiet går tilbake 1,3 prosentpoeng til 5,5 prosent på målinga, medan regjeringspartiet Arbeidarpartiet er landets største, med ein liten tilbakegang på 0,2 prosentpoeng til 30,1 prosent på desembermålinga.

Framstegspartiet følgjer like bak Ap med ein oppslutnad på 29,2 prosent, ein tilbakegang på 0,3 prosentpoeng sidan november.

Høgre går også tilbake 0,3 prosentpoeng, til 13,8 prosent. Kristeleg Folkeparti går fram 0,3 prosentpoeng til 5,8 prosent, medan Venstre går fram 0,9 prosentpoeng til 5,4 prosent. (©NTB)