Godt nytt for deg som angrar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lurer du på å skaffe deg ei tatovering verda sjeldan har sett maken til, men er redd du vil angre? Eit nytt tatoveringsblekk kan vere verd å vente på.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Så spørst det då: Er ho like begeistra for denne tatoveringa om tjue år? (Foto: http://www.flickr.com/photos/10939571@N00/190456763/)Så spørst det då: Er ho like begeistra for denne tatoveringa om tjue år? (Foto: http://www.flickr.com/photos/10939571@N00/190456763/)

Det har blitt ganske vanleg å skaffe seg ei tatovering eller ti. Men mange kjem etter kvart på at det ikkje er så artig å ha «Geir» eller «Bertil» tatovert på skinka når ein skal gifte seg med ein «Harald».

Vekk i ein fei


Ønskjer du å fjerne ei tatovering, kan det vere både dyrt og smertefullt. Men allereie neste år kan det hende at livet for tatoveringsangrarane blir enklare.

Det amerikanske selskapet Freedom-2 LLC driv nemleg og utviklar eit tatoveringsblekk som er mykje enklare å fjerne enn dagens blekk, fortel LA Times. Blekket, som svært enkelt løyser seg opp ved hjelp av laser, er truleg klart til å seljast på den amerikanske marknaden tidleg neste år. I første omgang er det berre svart blekk som blir produsert, men selskapet jobbar med å utvikle fleire fargar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Leve ut villskapen


Ein av investorane i Freedom-2 LLC, ein hudspesialist med fjerning av tatoveringar som spesialområde, trur at dette vil føre til at enno fleire vil skaffe seg tatoveringar.

- Sidan tatoveringar ikkje lenger blir ei livslang forplikting, kjem folk til å ville leve ut villskapen sin, seier han til avisa.

Tatovørane er nøye


Men om den jamne mann og kvinne vil ha sansen for det nye blekket, så er det ikkje sikkert at tatovørane vil vere så begeistra. Ein annan hudspesialist som ikkje er knytt til Freedom-2 LLC, Stuart H. Kaplan, seier til LA Times at tatoveringsartistar er svært nøye med fargekvaliteten på blekket dei brukar, og han trur ikkje at det nye blekket vil få innpass i bransjen før det har blitt tilstrekkeleg testa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ikkje vår sak


Fjerning av tatoveringar er heller ikkje eit tema for tatoveringsartistane.

- Dette er ikkje vår sak. Viss nokon kjem og bestiller ei tatovering som dei trur dei vil ha fjerna seinare, prøver me heller å snakke dei frå å få ei tatovering, seier leiaren av Alliance of Professional Tattooists, Sailor Bill Johnson.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidsavgrensa tatovering


Parallelt med at Freedom-2 LLC jobbar for å lage fargeblekk som er enkelt å fjerne, prøver dei å utvikle ei tidsavgrensa tatovering. Nedbrytbare stoff i blekket vil gjere at ei slik tatovering gradvis falmar vekk av seg sjølv.

Det må i så fall vere enno betre nytt for feigingar som ikkje vågar å satse på at kjærleiken til «Geir» eller «Bertil» skal vare evig.


Meir i Neste Klikk: