Økobønder tener meir

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske økologiske mjølkebønder tener meir pengar enn sine konvensjonelle kollegar. Det meiner dei økologiske bøndene er heilt fortent.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX)(Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX)

Oslo (ANB): Det er 17 godkjente stader der det vert drive økologisk mjølkeproduksjon i Noreg. 414 stader driv med konvensjonell produksjon.

Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking har funne ut at økologisk produksjon er mest lønsamt. Beløpet som er igjen til vederlag for arbeidsinnsats og eigenkapital per årsverk er 172.900 for konvensjonell drift og 185.100 for økologisk drift.

- Skal du lykkast som økologisk mjølkebonde, er må du være dyktig. Er du dyktig, tener du meir, seier økobonde Urda Ljøterud til Nationen.no.

Ho trur det er dyra si gode helse som gjev økobøndene ekstra gevinst. (ANB)