Fedre jobbar mindre

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvar tredje pappa har droppa dei lange arbeidsdagane, og tilbringer meir tid heime saman med barna.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Scanpix)(Foto: Scanpix)

Oslo (NTB): Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Tala slår også fast at det ikkje lenger berre er mor som tar permisjon frå jobben når barna er små. Nesten 50 prosent fleire fedre gjorde det i 2004 enn i 1991, skriv Dagsavisen.

- Dette er ei svært positiv utvikling. Eg er spesielt nøgd med at fedre bruker tid på omsorg for barna sine. Vi ser større vilje blant fedre og i samfunnet for øvrig til å prioritere omsorgsoppgåver, seier likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås.

Ho ønskjer at styresmaktene følgjer opp med å gi menn meir foreldrepermisjon. (©NTB)