Avlyser Selbekk-signering

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein bokhandel i Ark-kjeda i Oslo vil ikkje ha Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk i butikken for å signere boka si. Grunnen er omsyn til tryggleiken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk er skuffa. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk er skuffa. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)

(NPK): - Eg er skuffa. Dette er eit knefall for krefter som vi ikkje må gi etter for. Bokbransjen lever for det frie ord. Når den gir etter på denne måten, er den ute på gale vegar, seier Vebjørn Selbekk til Aftenposten.

Selbekk er aktuell med boka «Truet av islamister», som er hans eiga skildring av karikaturstriden som følgde etter at den kristne avisa Magazinet trykte ein faksimile som viste teikningar av profeten Muhammed.

Bokhandelen hadde først annonsert at Vebjørn Selbekk skulle kome og signere bøker. Arrangementet vart så avlyst. Butikksjefen grunngav det med tryggleiken til dei tilsette og kundane.

Forlagssjef i Genesis forlag, Svein Andersen, seier at han i si 23 år lange erfaring i forlagsbransjen aldri har opplevd at ei avtalt signering blir avlyst. Selbekk seier han ikkje kan hugse noko liknande sidan striden med Salman Rushdie for 15 år sidan. (NPK)