Bokhandel fjernar Koranen

Den eldste kristne bokkjeda i Storbritannia, SPCK Bookshop, fjernar no Koranen frå hyllene sine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Bokhandlarkjeda har vedteke at dei ikkje lenger vil selje ikkje-kristne bøker i dei 23 butikkane sine. Denne avgjerda kom etter at mykje av selskapet 1. november blei selt til stiftinga St. Stephen the great Charitable, som er eigd av den ortodokse kyrkja.

(Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX)(Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX)

Den kristne bokhandlarkjeda er ein del av ein 308 år gammal organisasjon kalla Society for Promoting Christian Knowledge (SPCK). Dei vil halde fram med å selje bøker frå andre kristne retningar enn den ortodokse, men «fiendtlege» religionar blir no utelukka.

Fiendtlege


- Å ta inn bøker som er fiendtlege til kristendommen, som Koranen utan tvil er, vil gi eit falskt inntrykk av at vi godkjenner andre trussamfunn eller religionar som likeverdige eller moglege alternativ, seier advokaten til stiftinga, Mark Brewer, til

Sunday Times

.

Stiftinga har no som mål å gå tilbake til røtene dei har i misjonen, og håpar å reversere utbreiinga av islam og sekularisme i Storbritannia.

I den norske bokhandlarkjeda Bok og Media ser takhøgda ut til å vere større.

Lov å finne ut av ting


Roy Lillevold, som er butikksjef i Bok og Media i Tønsberg, har ikkje Koranen inne i butikken, men han er meir enn villig til å skaffe han til interesserte kundar.

- Grunna plassmangel har vi ikkje noko særleg med bøker frå andre religionar i butikken, men det betyr ikkje at vi ikkje vil selje dei. Vi skaffar alle typar bøker til alle typar menneske, kva folk vil lese får bli opp til dei sjølve.

Han synest ikkje det er noko rart om også kristne vil lese Koranen.

- Folk studerer og funderer på kva som er riktig og ikkje riktig, og då må dei få lov til å finne ut av ting, meiner Roy Lillevold.

Kjelder:



Les meir på nettet:

ABC Startsida:



Personvernpolicy