Fann kraft i kreftdiagnosen

Den 30. mars 2006 fekk psykiateren Hans Olav Tungesvik diagnosen kreft. Då kom telefonen som endra livet, eller perspektivet på livet, rettare sagt. Klokkeslettet og situasjonen er meisla inn i minnet

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Psykiateren Hans Olav Tungesvik har skrive bok om korleis han har opplevd det første halve året etter at han fekk konstatert kreft i prostata. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)Psykiateren Hans Olav Tungesvik har skrive bok om korleis han har opplevd det første halve året etter at han fekk konstatert kreft i prostata. (Foto: Inger Robøle Kristiansen, NPK)

Av Inger Robøle Kristiansen, NPK

No har Tungesvik skrive bok om korleis han opplevde det neste halve året. Tittelen - «Når kreft gir kraft» - signaliserer at han har møtt sjukdom og nødvendig behandling på ein sindig måte.

- Klokka 10.40 - midt i ein terapitime - melde sekretæren min at meg måtte koma til telefonen. Det var heilt uvanleg, for eg vil aldri bli forstyrra av telefonar når eg har klientar. Men ho insisterte. I telefonen var urologen, som kunne fortelja at prøvene eg hadde teke viste prostatakreft i ei relativt aggressiv form. Eg gjekk tilbake til terapitimen, sa ingenting til nokon, og var overraska over at det var så greitt å koma inn i den naturlege rytmen igjen, seier Tungesvik.

Lever i stunda


Men det er vel ingen som synest det er greitt å få ein kreftdiagnose - heller ikkje Tungesvik. Den 70 år gamle psykiateren ved Frihamn psykiatriske senter i Skånevik er glad i arbeidet sitt med å hjelpe folk som strir med vanskelege traume. Han har kona Liv, som han har vore gift med i 44 år, fem vaksne barn, elleve barnebarn og den 23 år gamle hesten Bastian. Så livet er godt. Når han likevel har eit såpass avslappa forhold til den alvorlege sjukdommen, er årsaka tredelt, fortel han.

- For det første har eg levd i 70 år. Eg har hatt eit utruleg innhaldsrikt og godt liv, med så uendeleg mykje å glede seg over heile tida. For det andre har eg i yrket mitt fått innsyn i så mange lagnader som har vore mykje tyngre enn min, ofte takla på meisterleg vis.

- Eit tredje og viktig punkt, er at eg har ei enkel og barnleg kristustru. Ikkje som deltakar i store politiske religionsdiskusjonar, men eg trur på det Jesus seier om at han er vegen, sanninga og livet. Difor er eg ikkje redd. Sjølv om prognosen er usikker, tek eg dag for dag, og gler meg over det positive. Det har vorte klinkande klart for meg at livet er no - at ein må leva i stunda, slik Stanley Jacobsen skreiv i ei vise, seier Tungesvik.

Behandling og arbeid


Overt eit halvår har gått sidan kreftdiagnosen vart stadfesta. I oktober var 39 strålebehandlingar unnagjort. Heretter blir det kontrollar. Tungesvik held seg i god fysisk form gjennom dagleg verksemd og turar. I dei to månadene med behandling ved Haukeland sjukehus i Bergen, oppretta han ein «filial» i byen, der han tok i mot klientar til psykiatrisk behandling. I september gjekk mykje av fritida med til å skrive bok. Og enno gler han seg over den fine sommaren i den sørlege delen av landet, og tolkar det som eit godt teikn.

- Tenk å få oppleva ein slik sommar. Varmt og fint frå april og ut september. Eg dyrka fram perfekt gulrot, kålrabien var heilt utan klumprot, trosten heldt seg unna morellane, og eg kunne onne rikeleg gras til hesten. Så utruleg bra på alle måtar, seier Tungesvik. Den gode sommaren såg han som eit godt teikn, men andre teikn har slått andre vegen. Som då han sat på venterommet for den aller første strålebehandlinga og høyrde at Bergens-musikaren Audun Myrvold var død av prostatakreft etter to år med sjukdommen.

Opplever allting sterkare


- Men hittil har det gått så bra som det kunne med meg. Eg har ikkje hatt symptom på sjukommen eller biverknader av behandlingane, seier Tungesvik. Han har eit godt støtteapparat omkring seg, først og fremst ei sindig og avbalansert kone, gode vener, barn, og ikkje minst barnebarn, som sender oppmuntrande og gode meldingar til bestefar. Tungesvik fortel at han brukar å ta med barnebarna på ein tre dagars vandretur i Etnefjella det året dei fyller 11. I år var det turen til Sindre, som etter fjellturen meinte at bestefar kjem til å leva til han er 90, så sprek som han er. Desse orda har Tungesvik lagt seg vel på minnet.

- Les eg eit visst vemod i boka over ting du kanskje ikkje kan delta på etter kvart?

- Vel - nei, eg dveler i alle fall sjeldan ved det. Dagane er så fylt opp med forskjellige gjeremål. Men kvar einaste hending har vorte så meiningsfull for meg. Eg opplever alt så mykje sterkare, og det går djupare inn enn før. Song, viser og salmar talar til meg på ein sterkare og tydelegare måte, som om det var meint nettopp for meg, seier Tungesvik.

Eit reservoar av godt

- Men du har vel dine tunge stunder, du òg?

- Nei, eg har faktisk ikkje det. Eg held fast ved at dagen er no. Kva som seinare skjer, veit eg ingenting om. Ettersom eg har vore spart for sjukdom og vanskelege ting hittil, har eg eit reservoar av gode stunder å sjå tilbake på.

Tungesvik ventar sjølvsagt ikkje at andre skal reagere som han på det å få kreft. Både utgangspunktet, forløpet og opplevinga av sjukdommen er forskjellig. Men han meiner at det ofte ikkje er hendinga i seg sjølv, men måten ein møter det på som er viktig for både livskvaliteten vidare og utfallet av sjukdommen.

Kontrakt på to nye år


Tungesvik var stortingsrepresentant i to periodar frå 1977 til 1985. Han hadde tidlegare vore psykiater ved Modum Bads nervesanatorium ein periode og fann ut at han ville byggje opp ein vestlandsvariant av senteret heime i Skånevik. I 1978 kjøpte han Skånevik Sparebank, der han oppretta Frihamn psykiatriske senter i 1985. Dit kjem pasientar frå heile landet, men flest frå Helse Vest, det vil seia Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Klientane får poliklinisk behandling for nevrosar, angst og posttraumatisk stress etter overgrep. Senteret tilbyr også intensiv behandling i grupper over 14 dagar.

- Har du ei ekstra ballast i møte med sjukdommen på grunn av yrket ditt som psykiater?

- Ja, det har eg nok, fordi eg har sett inn i eit hav av folk som har det så mykje verre enn meg, seier Tungesvik, som i god optimistisk ånd har forlengja kontrakten med Helse Vest for to nye år som leiar av Frihamn psykiatriske senter i Sunnhordland. (NPK)

Personvernpolicy