Bygdeungdom vil ikkje bli gammal i byen

Medan nesten halvparten av ungdommane på bygda planlegg å flytta til byen, ynskjer ni av ti ikkje å bli buande i byen når dei blir gamle.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Bygdeungdomen vil gjerne flytte heim. (Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / Scanpix)Bygdeungdomen vil gjerne flytte heim. (Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / Scanpix)

(NPK): Dette kjem fram i ei ny doktorgradsavhandlinga av Johan Fredrik Rye, forskar ved Senter for Bygdeforsking i Trondheim.

- Vi flyttar ikkje til byen på grunn av synet vårt på bygda, men på grunn av livsfasen vi er i, seier Rye til Nationen. Konklusjonane hans byggjer mellom anna på svar frå 653 unge i Nord-Østerdalen og Røros-regionen.

Rye meiner bygdeungdom gjerne vil utforska byen nokre år, men understrekar at den urbane tankegangen berre gjeld i en kort del av livet.

Bygda som grunnvoll


- Verdiorientering og livsstil er utprega desentral, slår han fast. Forskinga hans viser at fleire kan tenkja seg å flytta tilbake etter at dei er ferdig utdanning, men ektefelle og partnarar, sosialt nettverk og bustadkjøpa gjer det vanskeleg for mange å bryta opp. Interessante arbeidsplassar er det viktigaste bygdene kan lokka med for å få dei unge tilbake.

- Problemet er ikkje at det manglar folk som vil bu på bygda, men at dei vil koma tilbake ikkje finn attraktive arbeidsplassar der. Cappuccino er viktig, men arbeidsplassar er viktigare, konkluderer Johan Fredrik Rye. (NPK)

Personvernpolicy