Over 25.000 familiar framleis heimlause i Aceh

Over 25.000 familiar er framleis heimlause i Aceh i Indonesia, to år etter at den øydeleggjande tsunamien ramma landa rundt Indiahavet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Her eit bilete frå Aceh tatt like etter at tsunamien ramma. Katastrofa som dei om lag 320 000 mennesker blei utsett for under tsunamien var total. Gjørme, lukt og knust pinneved gjorde oppryddingsarbeidet svært vanskeleg. (Foto: Foto: Lise Åserud / Scanpix)Her eit bilete frå Aceh tatt like etter at tsunamien ramma. Katastrofa som dei om lag 320 000 mennesker blei utsett for under tsunamien var total. Gjørme, lukt og knust pinneved gjorde oppryddingsarbeidet svært vanskeleg. (Foto: Foto: Lise Åserud / Scanpix)

London (NTB-AFP): Internasjonal hjelp etter katastrofen har i liten grad nådd dei fattigaste blant dei som blei ramma då flodbølgja skylde inn over land 2. juledag 2004, seier den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam i ein rapport som blei offentleggjort torsdag.

Aceh-provinsen nord på den indonesiske øya Sumatra blei hardast ramma. Til no er det bygd rundt 48.000 hus i det Oxfam karakteriserer som verdas største gjenoppbyggingsprosjekt.

Men trass i stor internasjonal støtte, tyder det at berre ein tredel av husa er gjenreiste. Framleis bur 25.000 familiar i mistrøystige, mellombelse leirar.

Dei som er hardast ramma er dei fattigaste, som ikkje åtte land eller hus då katastrofen skjedde.

Gjenoppbygginga blir også forseinka av uklåre eigedomsforhold. Rundt 15
prosent av jordbrukslandet blei øydelagt. Naturlege grensemerke blei
vaska vekk av flodbølgja. Det same blei eigedomsregisteret for Aceh. Samstundes mista mange dokument og identifikasjonspapir, noko som ytterlegare har medverka til forvirringa om kva som kan byggjast kor, heiter det i rapporten. (©NTB)

Personvernpolicy