Tjuvegods under juletreet

Ei ny prognose frå Handels- og Servicenæringens Hovudorganisasjon (HSH), viser at det vil liggje julegåver for 252 millionar kroner under juletreet i år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Sara Johannessen /Scanpix)(Foto: Sara Johannessen /Scanpix)

(NPK): I julemånaden er det smekkfullt i butikkane, og både omsetning og svinn aukar, skriv Dagsavisen.

Det vert stole for om lag 533 millioner kroner i butikkane i desember. Talet inkluderer 176 millionar som utru tilsette steler for, dei 252 millionane butikktjuvar stel for, og svinn grunna feil i butikkane.

Før jul er det varer som CD-plater, dyre mobiltelefonar, vinterjakker, eksklusivt undertøy og motegåver som til dømes iPod som er mest populære blant butikktjuvane.

- Mange prøver å få sympati ved å seie at det er julegåver de har stole. Det er ganske trist når vi tek foreldre på fersk gjerning med leiker som dei har stole til ungane sine, seier vektar Bård Rimfrost i Byporten shoppingsenter i Oslo til avisa. (NPK)



Personvernpolicy