Kan rømme frå sterk krone
Viss krona blir oppfatta som permanent sterk, kan vi få ei utflaggingsbølgje som i 2003, meiner sjefsøkonom i NHO, Tor Steig. (Foto Knut Falch / Scanpix)
(NPK): Ekspertane ventar ei utvikling mot sterkare krone i tida som kjem.
Ei fersk analyse laga av DnB Nor viser at dollaren og euro på kort sikt kan falle ned til kursar på høvesvis 5,98 og 8,01 kroner.
- Viss krona blir oppfatta som permanent sterk, kan vi få same utvikling som i 2003. Vi fekk ei utflaggingsbølgje. Då kan vi få store problem med å få bedriftene til å kome attende, seier Tor Steig, sjeføkonom i Næringslivets Hovudorganisasjon, til Dagens Næringsliv.
Ei sterk krone betyr at norske varer blir dyrare i utlandet og at konkurranseevna blir svekt. Konsekvensane av ei massiv utflytting kan føre til større arbeidsløyse.
- Det kan vere fristande for mange bedrifter å flytte akkurat no. Men vi må hugse på at vi er i ein unormalt sterk konjunktur, seier Steig til DN. (NPK)