Boksane blitsar som aldri før

Artikkelen fortsetter under annonsen

Landets fotoboksar blitsar, fotograferer og avslører råkøyrarar som aldri før. Det gir rekordinntekter i statskassa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Up-sjef Odd Reidar Humlegård går etter dei som køyrer bevisst fort og aggressivt. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)Up-sjef Odd Reidar Humlegård går etter dei som køyrer bevisst fort og aggressivt. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)

Oslo (ANB): Hittil i 2006 er nesten 143.000 bilførarar tekne i Automatisk trafikkontroll (ATK), noko som er nesten 30.000 fleire enn i 2005, opplyser Statens innkrevingssentral til P4.

Auken utgjer 76 millionar kroner, totalt nesten 360 millionar kroner frå råkøyring, manglande bilbeltebruk og ulovleg mobilbruk.

Leiar for UP, Odd Reidar Humlegård, er særlig oppteken av å få tatt dei som veit kor fotoboksane står. Bilistar som køyrer litt over fartsgrensene, tek ATK-ene seg av.

- Vi går heller etter dei som køyrer bevisst fort og aggressivt, og ikkje let seg stoppe av ATK, seier Humlegård. (ANB)