Mange fattige, men færre enn før

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nesten kvar sjette menneske på jorda har mindre enn ein dollar - vel seks kroner - per dag å leve for.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Grethe Østern / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Grethe Østern / Scanpix)

Til saman utgjer desse ekstremt fattige over ein milliard menneske. Tek vi med alle som ikkje har meir enn to dollar om dagen, er det 2,6 milliardar fattige i verda, går det fram av tal frå Verdsbanken som Vårt Land har kikka på. Men det var verre før.

For 25 år sidan var det nesten 1,5 milliard ekstremt fattige på jorda. Bjørn Førde, Oslo-direktør i FNs utviklingsprogram forklarar årsaka til tilbakegangen med utviklinga i Asia.

- Den positive utviklinga kjem av høg økonomisk vekst i Kina, India og ei rekkje av dei såkalla tigerlanda, som Vietnam og Sør-Korea, seier han til avisa.

Også i Latin-Amerika har utviklinga gått rett veg. Men i Afrika sør for Sahara har dei fattige berre blitt fleire.

- I det sørlege Afrika heng dette blant anna saman med hiv/aids, som underminerer dei framstega som faktisk har skjedd i desse landa, seier Førde.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I bistandsmiljø er ein også byrja diskutere korleis ei global oppvarming, med blant anna tørke, vil påverke fattigdommen i verda.

- Det vil iallfall ikkje bli lettare å løyse dei store fattigdomsutfordringane i Afrika, meiner Førde. Han er også uroa over at forskjellane i verda ikkje blir mindre.

- Den veksande ulikskapen, både mellom land og innetter i dei enkelte landa, er ei alvorleg utfordring, seier han. (NPK)