Irak-framlegg utan trylleformlar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Irak-rapporten president George W. Bush får servert til frukost onsdag inneheld ingen magiske løysingar på krisa i Irak, åtvarar kjelder som har kjennskap til rapporten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

USA er ikkje i ferd med å vinne krigen i Irak, innrømde USAs påtroppande forsvarsminister Robert Gates i ei høyring i Senatet tysdag. (Foto: REUTERS/Kevin Lamarque/ SCANPIX)USA er ikkje i ferd med å vinne krigen i Irak, innrømde USAs påtroppande forsvarsminister Robert Gates i ei høyring i Senatet tysdag. (Foto: REUTERS/Kevin Lamarque/ SCANPIX)

Washington (NTB): USAs tidlegare utanriksminister James Baker og andre medlemmer i den tverrpolitiske Iraq Study Group overleverer rapporten sin til president Bush onsdag morgon. Det kvite huset tona allereie tysdag ned
forventningane til rapporten.

- Dei som forventar ei magisk kule legg ei for tung bør på Baker-kommisjonen, sa Tony Snow, talsmann for Det kvite huset.

Ifølgje CNN tilrår ikkje rapporten nokon konkret tidsplan for tilbaketrekking av amerikanske styrkar frå Irak. USA har no om lag 140.000 soldatar i Irak. Dei amerikanske styrkane bør gradvis gå over til å vere støtte for Irak sine eigne tryggingsstyrkar.

USAs påtroppande forsvarsminister Robert Gates serverte sjølv ein av dei trulege konklusjonene i rapporten under ei senatshøyring tysdag: Nei, USA er ikkje i ferd med å vinne krigen i Irak, vedgjekk han.

Dette inntrykket bygde han på arbeidet i Iraq Study Group, der han sjølv var medlem fram til han blei nominert av president George W. Bush til å overta etter Donald Rumsfeld etter valnederlaget i november. (©NTB)