- Legevaktordninga kan bryte saman

Fire av ti legar kan bli fritekne frå legevakttenesta om nokre år, fordi dei blir for gamle. No fryktar Allmennlegeforeininga at heile legevaktordninga vil bryte saman.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

(NPK): Legevaktarbeid er krevjande. I store delar av landet må legane på vakt rykkje ut til alle døgnets tider - og det kjem på toppen av vanleg jobbing på kontoret.

Legane står ikkje i kø for å jobbe på legevakta, og legestanden blir stadig eldre. Nye tal frå Arbeids- og velferdsforvaltinga viser at om fem år vil minst 40 prosent av legane vere mellom 55 og 60 år. Og ved 55 år kan ein søkje om fritak frå legevakttenesta, og ved 60 kan ein krevje det. Konsekvensen kan bli endå færre legar på vakt ute i kommunane.

- Det er ein alvorleg situasjon at det er så mange eldre allmennlegar no. I verste fall kan legevaktordninga bryte saman, seier leiar i Allmennlegeforeininga, Jan Emil Kristoffersen til NRK.

Helsetilsynet har den siste tida registrert at det blir gjort stadig fleire feil av legevaktlegane. No handlar kvar tiande tilsynssak hos tilsynet om feil gjort på legevakta.

Både Legeforeininga og Allmennlegeforeininga er samde om at kommunane no må gje legevaktlegane betre arbeidsvilkår og mindre nattevakt, sjølv om det er dårleg kommuneøkonomi. Dersom dette ikkje blir gjort fryktar allmennlegane at det skal gå ut over liv og helse. (NPK)

Personvernpolicy