Elgjakt fram til jul

Artikkelen fortsetter under annonsen

Landbruks- og matdepartementet satsar på jaktturisme og vil forlengje jakttida på elg og hjort til 23. desember. Dette går fram av høyringa som nettopp er avslutta.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

(NPK): Departementet viser til berekningar utført av Norges Skogeierforbund og NHO-reiseliv. Berekningane viser at jaktinntektene kan aukast frå 800 millionar kroner i dag til 1,3 milliardar, dersom forholda blir lagt betre til rette.

Departementet meiner at utvida jakttid på storvilt er ein viktig føresetnad for at grunneigarane skal lukkast med satsinga. I område med mykje trekk-elg og stort beitetrykk går departementet inn for at jakttida etter søknad kan halda fram ut januar.

Dei nye jakttidene skal gjelde for femårsperioden 1. april 2007 til 31. mars 2012. (NPK)