Kor lenge skal mobilen vare?

I dag startar rettssaka der Oslo Tingrett skal bestemme om det er rimeleg å forvente at ein Nokia-telefon skal vare i meir enn to år.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Roy Konterud / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Roy Konterud / Scanpix)

I sommar stemnde selskapet Forbrukerforsikring mobilprodusenten Nokia for brot på Kjøpslova. Bakgrunnen var at ein av kundane deira fekk problem med tastaturet på mobilen sin, ein to år gammal Nokia-telefon. Nokia ville verken reparere eller erstatte telefonen.

Bransjen meiner to år er nok


Nokia sende saka vidare til bransjeforeininga Elektronikkbransjen, som meiner at ein ikkje kan vente at ein mobiltelefon skal leve lenger enn to år. I dag startar saka i Oslo Tingrett, og Forbrukerforsikring på si side meiner dette vil bli ein viktig dom for dei 3,4 millionar mobilbrukarane i Noreg.

Mobiltelefonar er det vi klagar mest på i Noreg, i følgje ei pressemelding frå Forbrukerforsikring. Berre første halvåret i år kontakta 2500 Forbrukarrådet om saker som hadde med mobiltelefonar å gjere. Ifølgje Forbrukerforsikring er mobilstriden eit uttrykk for eit uklart juridisk område, der forbrukarane og elektronikkbransjen står mot kvarandre.

Kor lenge skal ting vare?


I følgje Kjøpslova har ein to års reklamasjonsfrist på kjøp, og inntil fem år på varer som er meint å skulle vare lenger. Men då må ein først bli einige om kor lenge det er meininga at ting skal vare, og det er dette striden handlar om.

Advokat Silje Nesteng i Forbrukerforsikring seier at deira meining er at mobilen er av dårleg kvalitet viss han ikkje held meir enn to år. Ansvarlege forbrukarar som er imot ei bruk-og-kast-haldning, bør kunne forvente at mobilen skal halde i fleire år.

Forbrukerforsikring meiner at saka er av såpass prinsipiell art at utfallet, uansett kva tingretten kjem fram til, vil få innverknad på alle dei 3,4 millionar mobilbrukarane i Noreg. Silje Nesteng trur også saka vil ha innverknad på nærmare 6 millionar andre elektroniske bærbare produkt, som mp3-spelarar og digitale kamera.

Forbrukarrådet nøgd


Forbrukarrådet, som lenge har prøvd å få forhandlarane til å godta reklamasjonsfristen på fem år, er nøgd med at denne saka no kjem opp.

- Vi håpar det vil komme ei rettsleg avgjerd om fem års reklamasjonstid som også forhandlarane vil respektere, seier direktør i Forbrukarrådet, Eirk Lund Isaksen.

Nesten alle i Noreg har mobiltelefon, og mange har fleire mobilar. Faktisk er det teikna

fem millionar abonnement

i eit land med 4.66 millionar innbyggjarar, i følgje Aftenposten.

ABC Startsida:





Personvernpolicy