Reflektert om løgnene mellom menneske

Også kvardagen rommar sterke kjensler.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Små, små løgner»


Solfrid Sivertsen
(Samlaget 2006, 168 sider)

Solfrid Sivertsen fangar det ordlause spelet mellom menneska i novellesamlinga «Små, små løgner». (Foto: Samlaget)Solfrid Sivertsen fangar det ordlause spelet mellom menneska i novellesamlinga «Små, små løgner». (Foto: Samlaget)

Tekstane i Solfrid Sivertsen si nyaste novellesamling «Små, små løgner» verkar både stillfarande og lågmælte ved første augnekast. «Dette var sanneleg ei triveleg historie,» kan lesaren tenkje, før novella brått deiser til deg midt i fjeset og blottlegg ein hjarteskjærande sårheit som låg gøymt bak all den kvardagslege roa.

Det ulukkelege kvardagsmennesket


Sivertsen er kjend for å skrive om såkalla «vanlege» folk. Det er mykje kaffidrikking og drøsing i tekstane hennar. Men også kvardagsmennesket ber på ein lagnad, som forfattaren maktar å gripe, og ho viser fram allmennmenneskelege kjensler og tragediar i dei liva ho går inn i. Vi møter den gamle kvinna på sjukeheimen, den fråskilte pappaen, den einsame ungjenta - og eit fellestrekk mellom fleire av hovudpersonane er gjerne at dei har gjennomlevd eit tap eller svik. Dei lever med saknet etter og minnet om ein død ektemann eller son, eit tidlegare ekteskap, ein lukkeleg tilstand som anten har vore eller som dei håpar skal kome i framtida. Slik Marie i novella «I ellevte time» - ein av dei tekstane i samlinga som gjer størst inntrykk - tenkjer attende på den dagen då mannen hennar døydde:

Det var ingenting spesielt med den maidagen.
Ingenting utanom at den var nærmast perfekt, som eit kalenderbilde. Blå himmel, stor, gul sol, bakkane rosa av engkarse, i skogkanten kvitveisen som snødryss. Fuglane song frå gjerdestrenger og tretoppar, og katten strekte sine mjuke lemmer i solhola utanfor huset.

Men midt i det gule solskinet, i den varme og trygge kvardagen, skjer det vondaste av alt. Så brutalt er livet.

Dei ørsmå rørslene


Noko av det som utmerkjer seg i alle desse tekstane, er korleis forfattaren fangar det ordlause spelet mellom menneska. Glasklart og med stor presisjon skildrar ho dei små, men mykjeseiande rørslene: det raske blikket, augebrynet som er ørlite heva, kastet med nakken, låtten som skal ta brodden av ein kvass kommentar, hender som ikkje heilt veit kvar dei skal gjere av seg; alle desse rørslene som anten dekkjer over eller avslører alle dei små løgnene mellom menneska:

Du må komma opp og sjå, sa ho, gjekk føre meg opp trappetrinna, opna dører, peika, ja, når odelsguten giftar seg, må eg i kårhus, ikkje sant, det får vera nok plass til meg dette, sa ho og lo den vesle ha-ha-latteren som ikkje var nokon latter. Eg såg på den blusekledde ryggen hennar, litt av olbogane som ho heldt tett inntil kroppen, såg at eine handa fór opp mot håret og justerte klemma i luggen.

Det handlar heile tida om relasjonar mellom menneske, fellesskapet, bindinga og kontrollen. Cora Sandel var ein meister til å skildre dette spelet, og Solfrid Sivertsen kan minne om Sandel i mangt og mykje. Ikkje minst i tittelnovella «Små, små løgner» der ei kollektiv forteljarstemme - bygdekollektivet - kommenterer, vurderer og fell dommar over den forhutla kunstnarsjela Johan; ein teknikk Sandel brukte så meisterleg i «Kranes konditori».

Biletbruken er enkel, men presis og nyskapande på sitt vis, til dømes når det heiter at «sigarettsneipen fer som eit lite stjerneskot ned til bakken», eller når eit par øyrer blir skildra som «soltørka, blanke skjel, rosakvite, nesten gjennomsiktige.»

Menneskeklok


Alle dei elleve novellene er gjennomkomponerte og lettlesne. Men det tyder ikkje at dei alle er like kunstnarisk vellukka eller interessante. «Løvenes konge» og «A christmas tale» blir etter mi meining nesten for alminnelege i språk og handling, og det sklir over i det uspennande og inkjeseiande. Dette har vi lese før.

Men Sivertsen er ein vaksen og reflektert forfattar som skriv for vaksne og reflekterte lesarar, og det er ikkje utenkjeleg at ein blir litt klokare på menneska rundt seg, etter å ha lese denne samlinga.

Her kan du lese fleire bokmeldingar.



Meir litteratur i Neste Klikk:


Litteratur
Forfatterportrettet

Startsiden litteratur


Personvernpolicy