Haga lover robuste regionar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommunalminister Åslaug Haga avviser spekulasjonane om at dei 19 fylkeskommunane vil leve vidare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Lise Åserud / Scanpix)(Foto: Lise Åserud / Scanpix)

Oslo (ANB): - Det blir robuste regionar, seier Haga til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Ho har med «stor undring» lest spekulasjonane i avisene den siste tida. Fredag legg regjeringa fram fyrste trinn i reforma kor større regionar skal avløyse fylkeskommunane frå 1. januar 2010. Åslaug Haga (Sp) seier at regjeringa i denne omgang skal skissere kva oppgåver det regionale nivået skal få ansvar for.

- Det me her foreslår vil leggje grunnlag for robuste regionar som får ansvar for ei rekkje nye oppgåver. Me flyttar over betydeleg makt på område som samferdsel, næring, landbruk, fisk, miljø, skule, kultur og arealplanlegging, avslører Haga. (ANB)