Nordmenn drikk meir øl

Omsetninga av øl auka med 1,4 millionar liter tredje kvartal i år, samanlikna med same periode i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Omsetninga av øl aukar. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)Omsetninga av øl aukar. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Oslo (ANB): Dette tilsvarer ein auke på to prosent, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Totalt blei det seld 70,3 millionar liter øl tredje kvartal i år. Registrert sal av vin tredje kvartal i år var på 15,2 millionar liter, ein auke på 148.000 liter, eller 1,0 prosent, frå tredje kvartal i fjor. Omsetning av brennevin og rusbrus auka med 23.000 og 11.000 liter.

Til saman blei det seld 2,9 millionar liter brennevin og 2,7 millionar liter rusbrus i tredje kvartal. (ANB)

Personvernpolicy