Kvinner har størst problem etter tsunamien

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mange har det framleis vondt etter tsunamien. Kvinner har det verst, går det fram av ein svensk rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Flodbølgja som kom inn over stranda på Blue Village i Khao Lak i Thailand tok mange norske liv den 26. desember 2004. Her eit bilete av stranda der pårørande la ned blomstrar. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)Flodbølgja som kom inn over stranda på Blue Village i Khao Lak i Thailand tok mange norske liv den 26. desember 2004. Her eit bilete av stranda der pårørande la ned blomstrar. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)

(NPK): Forskarar har kartlagt ringverknadene etter tsunamien i Søraust-Asia for to år sidan blant 10.000 svenskar som var i området. Om lag halvparten sa seg villige til å vere med i granskinga. Rapporten er laga av Kunskapscentrum för katastrofpsykiatri ved Universitetet i Uppsala, skriv Kyrkans Tidning.

25 prosent av dei spurte seier at dei framleis føler seg dårleg etter katastrofen, medan ti prosent har alvorlege problem med posttraumatisk stress, og det er kvinner som i størst grad viser teikn til dette.

Halvparten av dei som svarte sa at dei såg på situasjonen sin som livstrugande. Blant dei spurte finst både folk som sjølv vart skadde og folk som mista nære slektningar eller vener i katastrofen.

Når det gjeld katastrofehjelpa er dei spurte mest nøgde med hjelpa dei fekk frå lokalbefolkninga, nære vener, slekt og lokalt sjukehuspersonell.