USA planlegg koloni på månen

USA planlegg å etablere ein koloni på månen sin sørpol rundt 2020, som ein base for vidare utforsking av solsystemet, opplyser USAs romfartsorganisasjon NASA.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: Scanpix) (Foto: Scanpix)

Washington (NTB-AFP): Planen er å etablere ein bemanna stasjon på månen som, når han er ferdig utbygd, også kan fungere som ein framskutt base for ei bemanna ferd til Mars, opplyser NASA.

Prosjektet er eit langsiktig fellesprosjekt mellom 14 av verdas romfartsorganisasjonar, blant dei den indiske, kinesiske og russiske.

Dei første måneferdene vil gå føre seg med robotar som skal gjere ein del grunnarbeid og førebuingar til ein base. Deretter er planen å sende
ekspedisjonar med fire mann på fleire vekeslange turar til Månen for å byggje opp stasjonen.

Når han er ferdig, er det aktuelt med ekspedisjonar på om lag eit halvt år, som vil bli brukt til planlegging av turar til Mars, opplyser NASA.

Dei fyrste bemanna turane er planlagde til rundt 2020. Siste gong eit menneske var på månen var i 1972. (©NTB)


Personvernpolicy