Fem millionar mobilar i Noreg

Det er nesten 5 millionar mobilabonnentar i Noreg. Dette betyr at det er fleire hundre tusen fleire abonnement i Noreg enn det er nordmenn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er nesten 5 millionar mobilabonnentar i Noreg. (Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)Det er nesten 5 millionar mobilabonnentar i Noreg. (Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)

(NPK): Ved siste folketeljing var det 4,66 millionar nordmenn.

Stadig færre har fasttelefon og ringjer på den tradisjonelle måten. Både breiband og mobiltelefoni aukar.

Det er den ferske kvartalsrapporten frå Post- og teletilsynet (PT), tilsynet for telemarknaden i Noreg, som viser dette, melder Aftenposten.

Ifølgje PT viser det seg at 160.000 abonnement er knytt til alarmsystem. Samtidig er det mange som har to eller fleire mobilabonnement.

Over halvparten av alle hushald i Noreg har no breiband.

- Trenden er at mange kuttar ut det ordinære abonnementet for fasttelefoni til fordel for mobiltelefon og breibandtelefoni, seier Willy Jensen, direktør i PT. (NPK)

Personvernpolicy