Kjøper julegåver på kreditt

To av ti nordmenn handlar alle eller ein del av julegåvene på kreditt. Tala overraskar bankfolk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

To av ti nordmenn handlar alle eller ein del av julegåvene på kreditt. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)To av ti nordmenn handlar alle eller ein del av julegåvene på kreditt. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

(NPK): - Mange handlar på kreditt som om morgondagen aldri kjem. Det er viktig at folk ikkje går heilt amok med kredittkort. Ein dag skal rekninga gjerast opp, seier banksjef Christin Sanders i Bank2, som har bestilt undersøkinga.

- At så mange som 20 prosent skal handle julegåver på kreditt, er overraskande høgt. Det betyr at dei brukar pengar dei faktisk ikkje har. Kredittkjøp er i mange tilfelle eit varsel om at økonomien er skral, seier Sanders til Aftenposten. (NPK)

Personvernpolicy