Asker: Seks-stjerners kommune

Norske offentlege nettstader er har blitt vurderte og fått stjerner i boka av Noreg.no. Flinkast av alle kommunar er Asker.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Best i kommune-klassen: Asker kommune sine heimesider får seks av seks stjerner i Kvalitet 06.Best i kommune-klassen: Asker kommune sine heimesider får seks av seks stjerner i Kvalitet 06.

Asker kommune i Akershus skåra høgast av alle norske kommunar i «Kvalitet 06», Noreg.no si kvalitetsvurdering av alle norske, offentlege nettstader.

Kommunen skåra høgt både på tilgjenge, brukartilpassing og nyttig innhald, og sikra seg dermed seks av seks moglege stjerner.

Bergen er best


Men heilt på topp hamna dei rett nok ikkje. Asker kommune måtte sjå seg slegen av både Høgskulen i Bergen og Statens forureiningstilsyn, som båe fekk ein gjennomsnittsskår på 89 prosent - ein prosent meir enn Asker.

Lett å lese


Det er femte gongen at Noreg.no sjekkar kvaliteten på norske offentlege nettstader. Nettstadene blir vurderte ut frå 34 moment som til saman skal seie noko om kor brukarvenleg og tilgjengeleg han er. Kriteria for ein god nettstad er mellom anna at sidene skal vere søkbare, at fargebruken skal gje dei rette kontrastane slik at det er lett å lese, og at det er lagt til rette for tovegs kommunikasjon.

Pris til Rogaland


Under offentleggjeringa av Kvalitet 06 delte Noreg.no og Kommunal Rapport i tillegg ut ekstraprisar til nokre offentlege nettstader. I år gjekk prisane til Rogaland fylkeskommune som årets beste kommunale nettstad, Statens forureiningstilsyn for årets beste statlege nettstad, Statens lånekasse blei årets beste nettstad for tenester medan Arbeids- og velferdsetaten (NAV) er best på tilgjenge.

Viss du vil, kan du sjekke ut korleis din kommune kom ut i Kvalitet 06.

Meir i Neste Klikk:



Personvernpolicy