Full nisse i reklamekampanje

Forbrytarbilete av ein full og arrestert julenisse prydar utstillingsvinda til kleskjeden Carlings.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Bodø (ANB): - Dette er nedverdigande for ungar, seier Jan Erik Madsen Stahl, som har arbeidd med vanskeligstilte born i 35 år. Over 100.000 barn og unge gruar seg til ei jul med foreldre og føresette som er sterkt påverka av alkohol, viser statistikken.

- Eg trudde ikkje mine eigne auge, for midt i Glasshuset i Bodø har Carlings store bilete av ein julenisse som ein sørpande full forbrytar. Det er usmakelig, fantasilaust og nedverdigande mot alle dei tusen ungane som gruar seg til ei ny jul med ein far på fylla, seier Madsen Stahl til Avisa Nordland.

Varner-gruppen avviser blankt at de forbinder julenissen med fyll. Pressetalskvinna i Varner-gruppa, som eig Carlings-kjeden, poengterar sterkt at kampanjen ikkje er meint slik at små born skal forbinde julenissen med fyll og fengsel.

- Målgruppa til Carlings er dei rocka folka. Då må kampanjane også være litt meir spreke enn dei som dei andre kjedane har, seier Trude Martinsen Brun. (ANB)

Personvernpolicy