300 stader utsett for leirras

300 områder i landet kan vere utsett for leirskred. Dei fleste kommunane på Austlandet og i Trøndelag er i risikogruppa.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

300 områder i landet kan være utsett for leirskred. Her eit gammalt bilete frå Rissa i Sør-Trøndelag, der det gjekk leirskred i 1978. (Foto: Erik Thorberg NTB / Scanpix)300 områder i landet kan være utsett for leirskred. Her eit gammalt bilete frå Rissa i Sør-Trøndelag, der det gjekk leirskred i 1978. (Foto: Erik Thorberg NTB / Scanpix)

Oslo (ANB): - Kvikkleireskred er den skredtypen som er vanskeleg å vite noko om på førehand for folk flest, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Han er ansvarleg statsråd for dette saksfeltet.

Kvikkleireområda ligg i dei lågareliggande delane av landskapa, ned mot vassdrag og sjø - altså i område der det bur mange menneske.

- Her handlar det både om framtidig sikringsarbeid og kommuneplanlegging av nye bustadområde. Skred i leireområde er nok den potensielt største og alvorlegaste naturkatastrofen vi kan bli utsett for i dag, seier Enoksen til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Sidan 2001 er det brukt 180 millionar kroner for å sikre skredutsette område. Norges vassdrags- og energidirektorat har i samarbeid med Norges geotekniske institutt kartlagt 1.500 skredfarlige kvikkleirområde i Sør-Noreg og Trøndelag. 300 soner ligg altså utsett for skred.

- Meir enn 300 soner må no følgjast opp for å bekrefte den første risikovurderinga, seier Enoksen. Områder med uakseptabel risiko vil så bli prioritert. (ANB)

Personvernpolicy