Oljerekord på sokkelen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aktiviteten på norsk sokkel har aldri vore høgare enn no. I 2006 blir det sett ny investeringsrekord. På lang sikt trengst det nye funn for å hindre nedtur.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / NTB / Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / NTB / Scanpix)

(NPK): I år vil investeringane i oljeverksemd passere 100 milliardar kroner, mot 87 milliardar i 2005, skriv Aftenposten. Ny rekord er venta neste år, og ikkje minst i 2008, når investeringane i leiting, feltutbygging og vedlikehald er venta å nå 108 milliardar kroner. Det viser utrekningar frå Oljeindustriens Landsforening (OLF).

Administrerande direktør Per Terje Vold i OLF meiner det må gjerast nye og større funn viss ein skal greie å halde investeringsnivået oppe på lang sikt, og etterlyser større leiteaktivitet på norsk sokkel.

- Vi har for liten leiteaktivitet og gjer for få og små funn, meiner Vold. (NPK)