Feitt vernar mot brystkreft

Artikkelen fortsetter under annonsen

Overvektige damer får sjeldnare brystkreft enn sine slankare medsystrer. Men det gjeld berre før overgangsalderen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner med ein kroppsmasseindeks (BMI) på 30 eller meir har 19 prosent lågare risk for å få brystkreft før dei kjem i overgangsalderen enn normalvektige kvinner.

Store kvinner får sjeldnare brystkreft før overgangsalderen enn normalvektige kvinner. (Illustrasjonsfoto: Mel & John Kots)Store kvinner får sjeldnare brystkreft før overgangsalderen enn normalvektige kvinner. (Illustrasjonsfoto: Mel & John Kots)

Det syner ei undersøking av medisinske data henta inn frå 113 130 sjukepleiarar. Alle opplysningane er frå før sjukepleiarane kom i overgangsalderen, og dei er henta inn i perioden frå 1989 til 2003.

I løpet av perioden vart det påvist 1 398 tilfelle av brystkreft blant desse kvinnene, melder New Zealand Herald.

- Dårleg signal


Forskarane ved Harvard Medical School har prøvd å samanlikne og dra slutningar ut av dei over 100 000 sjukehistoriene. Dei er usikre på kvifor dei ekstra kiloa vernar overvektige mot å få brystkreft før overgangsalderen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette er ikkje gode signal å sende til omverda, seier ein av forskingsleiarane, professor Karin Michels. Ho siktar til at fedme er eit aukande problem i den rikare delen av verda, så vel som i ein aukande del av fattige og middels rike land, noko som og uroar Verdas helseorganisasjon (WHO).

Unge tjukke er tryggast


Resultat av undersøkinga kan òg tyde på at overvektige kvinner er meir verna mot brystkreft di yngre dei er. Ei 18 år gammal kvinne med BMI på 27,5 eller meir har faktisk 43 prosent lågare sjanse for å få brystkreft før overgangsalderen enn ein jamgammal kvinne med normal kroppsvekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei stund trudde forskarane at dette kunne hengje saman med at overvektige kvinner har meir ujamn menstruasjonssyklus og sjeldnare eggløysing, noko som igjen fører til lågare hormonnivå. Men ein gjennomgang av dei ulike faktorane fekk forskarane til å konkludere med at dette ikkje er årsaka til at overvektige kvinner sjeldnare får brystkreft før overgangsalderen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- No er me tilbake til der me starta, seier professor Michels. - Nemleg korleis me skal forklare kva for mekanismar som gjer at store kroppar vernar kvinner frå brystkreft.

Sjeldan undersøkte


Dette skal undersøkjast vidare, og ein av tinga forskarane skal sjå nærmare på, er om overvektige kvinner sjeldnare tar mammografi og om det er vanskelegare å finne kreftsvulstar hjå tjukke kvinner.

Så langt tyder dessutan all forsking på at sjansen for å få brystkreft aukar viss du er overvektig og ferdig med overgangsalderen.



BMI = Body Mass Index.

BMI seier noko om forholdet mellom høgde og vekt og kor mykje kroppsfeitt du har. BMI mellom 20 og 25 tilsvarer normalvekt, mellom 25 og 30 overvekt, og BMI over 30 tilsvarer fedme. (Kjelde: Mozon)

Meir i Neste Klikk:

ABC Startsida: