Sirkusfotograf mista arm

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein mann kom for nært tigeren på eit sirkus i Spania.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Wiliam Wagenaar / Flickr.com)(Foto: Wiliam Wagenaar / Flickr.com)

Det var ein 31-årig polsk mann på besøk i sirkuset i Zafra i Spania som ville fotografere tigeren med mobiltelefonen sin, melder svenske

Aftonbladet

.

Mannen var med ei gruppe kjende som skulle søkje arbeid på sirkuset, og blei gåande rundt på området for seg sjølv mens han venta på venene sine.

Mista armen


Slik kom han inn på område der utanforståande normalt ikkje har tilgjenge, og fekk auge på tigeren inni eit bur. Då han skulle ta bilde av det store kattedyret med mobiltelefonen sin, syntest tigeren han kom vel nært, og gjekk til åtak på mannen.

Venstrearmen til mannen blei riven av i samanstøytet, og mannen ligg no på sjukehuset i Zafra. Ifølgje sjukehuset er tilstanden hans alvorleg.


ABC Startsida: