Fann glasbitar i julebrusen

Det skulle vere førjulskos, men i julebrusen til ekteparet Elena og Rune Larsen var det store, skarpe glasbitar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Bodø (ANB): Elena og Rune Larsen i Bodø var berre ein munnfull frå å drikke store, skarpe glasbitar. Hadde ikkje Elena høyrt ein merkeleg lyd då ho henta fram ei flaske julebrus frå Grans Bryggeri i Sandefjord, kunne det gått riktig ille.

- Eg høyrde det skrapte i flaska. Da me såg etter, oppdaga me sju-åtte glassbitar. To av dei var riktig store. Den største var sikkert eit par centimeter, seier ho til Avisa Nordland.

Produksjonssjef Håkon Gran ved Grans Bryggeri i Sandefjord beklagar på det sterkaste.

- Dei må berre kontakte oss, så skal me sørge for ein kompensasjon, seier Gran.

- Funn av glasbitar i flaskene kan skje, men det skal ikkje skje. Alle flasker me får inn går gjennom fleire prosessar, dei blir snudd på hovudet og kontrollert både optisk og manuelt. Likevel har me opplevd nokre sjeldne tilfelle tidlegare at større glasbitar som ikkje ramlar ut under vaskeprosessen, kjem ut til forbrukaren. (ANB)

Personvernpolicy