52 tidlegare Stasi-medarbeidarar tilsett i Stasi-arkiv

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ofre for det austtyske DDR-styret er sjokkerte over at 52 tidlegare medarbeidarar frå den austtyske etterretningstenesta i dag er tilsett ved Stasi-arkivet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berlin (NTB-Ritzau): - Eg er sjølv overraska over talet, men det er ikkje eit tal eg har prøvd å skjule, sa leiar i arkivet Marianne Birthler torsdag.

Ho la til at fleire av dei tidlegare Stasi-medarbeidarane var blitt meir fornuftige etter Berlinmurens fall i 1989, og at dei svært lojalt hadde stilt ekspertisen sin til rådvelde for arkivet.

Saka har vekt stort oppstyr i Tyskland, der Forbundsdagen torsdag vedtok eit nytt lovtillegg, som framleis skal gjere det mogleg å kryssjekke offentleg tilsette embetsmenn med opplysingar i Stasi-arkivet. (©NTB)