Redaktør har funne nye vener til kronprinsparet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei to siste åra er kjende og mektige medarbeidarar i media og underhaldningsbransjen i Noreg handplukka inn i kronprinsparets venegjeng, skriv VG.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kulturredaktøren i Dagbladet, Hege Duckert, skal ha hjelpt til med å plukke ut dei nye venene til Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon. Biletet er frå reisa deira i India i oktober. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)Kulturredaktøren i Dagbladet, Hege Duckert, skal ha hjelpt til med å plukke ut dei nye venene til Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon. Biletet er frå reisa deira i India i oktober. (Foto: Lise Åserud / Scanpix)

(NPK): Ifølgje avisa er det kulturredaktøren i Dagbladet, Hege Duckert, som har hjelpt til med plukke ut dei nye venene, og mange av dei høyrer heime i VG, Dagbladet og NRK.

Duckert seier til VG at ho ikkje opplever det slik.

Avisa fortel om fleire private middagar og tilstellingar med dei mektige og til dels heilt nye vennene av kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon.

Blant sentrale folk frå medie- og underhaldnings-Noreg som figurerer på lista, er NRKs Fredrik Skavlan og kjærasten Maria Bonnevie, komikar Bård Tufte Johansen, leiar av VGs kommentatoravdeling Anders Giæver og kona hans, NRK-medarbeidar Ales Ree. På lista står også Hege Duckerts ektemann Stein Hernes som er PR-rådgivar og tidlegare politisk rådgivar for statsminister Jens Stoltenberg (Ap).