Meiner Giske opptrer som erkebiskop

Artikkelen fortsetter under annonsen

Odd Einar Dørum i Venstre meiner at Trond Giske opptrer som ein erkebiskop i debatten om statskyrkja si framtid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Odd Einar Dørum reagerer kraftig på Giske sine utsegner om at kyrkja må styrast og regulerast. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)Odd Einar Dørum reagerer kraftig på Giske sine utsegner om at kyrkja må styrast og regulerast. (Foto: Terje Bendiksby / Scanpix)

Oslo (ANB): - Eg reagerer kraftig på Giske sine utsegner om at kyrkja må styrast og regulerast, seier den tidlegare justisministeren. Dørum meiner at kyrkjeminister Trond Giske er meir oppteken av staten sin kontroll, enn av kyrkja sine rettar som eit trussamfunn.

- I staden for å vektleggje kyrkja sine prosessar og vise desse respekt, står kyrkeministeren fram som garantisten for takhøgde. På denne måten blir kyrkja stakkarsleggjort, hevdar Venstre-toppen.

Han varsler at han vil ta opp denne saka på Venstre sitt landstyremøte i helga. Venstre har programfesta at partiet ønskjer å skilje kyrke og stat. (ANB)