Innfører alderssjekk på mobil

Innan mars neste år vil Telenor innføra alderskontroll ved kjøpa av visse mobiltenester.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Målet er å skjerma barn frå mobiltenester som ikkje eignar seg for mindreårige, melder Dagsavisen.

I dag kan barn og unge til dømes lasta ned grove pornobilete- og filmar utan at nokon spør om alderen deira.

Alderskontrollen som Telenor har planar om, inneber at alle som leverer mobiltenester gjennom selskapet må skriva under ein avtale med Telenor om at dei skal sjekka alderen på kjøparen dersom innhaldet kan vera ueigna for barn.

Dersom avtalen blir broten, risikerer dei å bli stengde ute frå nettet til Telenor. Ifylgje Dagsavisen samarbeider Telenor med andre norske mobiloperatørar om liknande system for kundane deira. (NPK)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus