Tilbakelent er bra for ryggen

Ei avslappa tilbakelent sitjestilling er bra for ryggen, viser ny forsking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er ikkje så sunt å sitje med rett rygg på stolen. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)Det er ikkje så sunt å sitje med rett rygg på stolen. (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

(NPK): Det er forskarar ved Woodend Hospital i Aberdeen som har kome fram til at det gamle rådet om å rette ryggen og sitja ordentleg, ikkje er så bra som ein har trudd.

Ei gruppe forsøkspersonar vart målt i forskjellige sitjestillingar for å finne ut kva posisjon som gjev minst risiko for ryggproblem. Og det var slett ikkje den ranke og rette som kom best ut.

- Ein vinkel på 135 grader mellom lår og rygg viste seg å vera den beste sitjestillinga, ikkje 90 grader som dei fleste reknar som normalt, seier forskingsleiaren Waseem Amir Bashir til Chicago Tribune. Han vedgår at det er vanskeleg med den tilbakelente sitjestillinga framfor PC-en, men tilrår å lene seg godt tilbake under lengre telefonsamtalar.

Bashir peikar elles på at menneskekroppen ikkje er laga for å sitja på ein stol og arbeide med PC. Difor har ein stor del av folket rygg- og hoftesmerter, og fleire vil få det i løpet av levetida. (NPK)

Personvernpolicy