Berre 50.000 ledige

Artikkelen fortsetter under annonsen

Stadig fleire nordmenn får seg jobb. No er berre 50.000 norske kvinner og menn utan arbeid.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Ei arbeidsløyse på 50.200 tilsvarer 2,1 prosent av arbeidsstyrken, ifølgje NAV. Dette er 22.100 færre ledige enn i november i fjor.

- Arbeidsløysa blei redusert med 1.500 personar i november når me justerer for sesongsvingningar, og har no gått ned 13 månader på rad. Me må attende til 1984/85 for å finne sist me opplevde ein så lang periode med samanhengande nedgang, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie.

Størst nedgang er det innan ingeniør- og IKT-fag og industriyrke med 39 og 37 prosent. Også for andre yrkesgrupper som leiarar (-34 %), kontorarbeid (-33 %) og meglarar og konsulentar (-32 %) har det vore ein kraftig nedgang i arbeidsløysa det siste året. (ANB)