Ulovlege kosttilskot i handelen

Mattilsynet har stogga salet av ni kosttilskot som inneheld lækjemiddelsubstansar og eit kosttilskot som manglar ingrediensliste.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(ILlustrasjonsfoto: Scanpix)(ILlustrasjonsfoto: Scanpix)

(NPK): Det er ulovleg å selje produkt som inneheld lækjemiddelsubstansar, som kosttilskot.

Forbrukarar som har kjøpt produkt som Mattilsynet no har svartelista, bør levere vara attende til seljaren, melder Mattilsynet.

Produkta med medisinrestar er «Muskler og ledd» frå Universal Helseprod., «Cistus Incanus Zistrose» frå LR Health & Beauty Systems GmBH, «BCAA» frå Ultimate Nutrition, «Thermo -X» frå Scitec Nutrition, «Erythirina Berterona» frå Mr. Tavos, «Q 10» frå VitOmega, «Simply Spirulina» frå New Roots Herbal Inc, «Vitamine C» frå Natural Health (A.G.) Ltd og «Jelly Baby Bears» frå Healtspan.

Kosttilskotet som manglar liste over ingrediensar, er «Daylight BC-Mix» frå BC Daylight AS. (NPK)

Personvernpolicy