Pøsar ut giftige leiker før jul

Artikkelen fortsetter under annonsen

Leiker med giftstoffa ftalatar blir forbodne frå nyttår. Leiketøysbransjen brukar julesalet til å kvitte seg med det dei maktar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: Scanpix)(Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Oslo (NTB): Bransjen støttar forbodet, men held likevel fram salet til lagra er tomme for mjuke plastleiker.

Leketøybransjens Fellesråd reknar verdien av dei farlege leikene til 400 millionar kroner, «nøkternt vurdert», skriv Dagens Næringsliv.

Ftalatar har vore forbodne i leiker retta mot barn under tre år sidan 2000, men problemet er at små born ofte syg på leikene til større sysken. Dermed kan dei få i seg gifta som blant anna skadar forplantningsevna, gir fosterskadar og generelt miljøskadar.

Ftalatar blir brukte i plastleiker for å gjere leikene mjuke. Foreldre kan ikkje sjå på leika eller pakningen om leikene inneheld ftalatar. (©NTB)