På innsida av al-Qaida

Artikkelen fortsetter under annonsen

Marokkanske Omar Nasiri skal ha infiltrert al-Qaida og operert som spion for britisk, fransk og tysk etterretning på nittitalet. Dette er boka som fortel hans historie. Eit lærerikt innsyn i tankane t

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Originaltittel: «Inside the Jihad. My life with Al Qaeda»
Omsett av Guro Dimmen, Gunnar Nyquist og Kristian Østberg
Gyldendal, 2006
377 sider

La meg være tydelig; jeg er muslim. Og til denne dag er jeg villig til å gå i krig for min tro. Jeg er ikke lenger en spion, men en del av meg er forblitt en mujahid. Jeg synes at USA og alle de andre må komme seg vekk fra vårt land, og holde seg borte. Jeg synes de burde overlate oss til oss selv. Og hvis de ikke gjør det, burde de bli drept, fordi det er det som skjer med invaderende armeer og okkupanter.

Truverdig og personleg skildrar Nasiri ei verd som verkar fjern for ein sekulær europear. (Foto: Gyldendal)Truverdig og personleg skildrar Nasiri ei verd som verkar fjern for ein sekulær europear. (Foto: Gyldendal)

Eks-spionen Nasiri fortel om oppveksten i Marokko og Belgia, og korleis han går frå å vere narkoseljar til å kjøpe våpen for ein islamsk terrororganisasjon, som nyttar heimen hans i Belgia som knytepunkt. Han smuglar også ein bil full av sprengstoff til Marokko. Dette gjer han berre for spenninga og eiga vinnings skuld, utan å vere prega av religiøs fanatisme av noko slag. Etter å ha blitt verva som spion for den franske etterretningstenesta, dreg han til Afghanistan og oppheldt seg eit år i treningsleirane til al-Qaida. Seinare infiltrerer han ekstreme islamistiske miljø i moskeane i London.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Moderne europear og rettruande muslim


Ei mengde faktaopplysningar, som namngiving av kjende terroristar som seinare var involverte i 11. september-angrepet eller som i dag sit fengsla på Guantanamo, styrkjer truverdet til boka. I ein memoarroman som dette, der forteljinga skal verke sann og røyndomsnær, har forfattaren gjerne ein tendens til å setje seg sjølv i betre lys og tillegge seg sjølv edlare motiv for handlingane sine, enn det som var tilfelle i utgangspunktet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Med sjølvrettferdig stemme hevdar Nasiri til dømes at han blei spion for å verne om familien, og fordi han måtte oppgi gutedraumen om å bli jagarflygar og difor vart «farleg», som han seier. Men det verkar like sannsynleg at han blei spion for å redde sitt eige skinn etter å ha stole pengar frå terroristmedlemmer. Kanskje kjenner han i notidas perspektiv trong til å skape eit idealisert sjølvbilete, for å kunne leve med «sviket» mot sine muslimske brør?

Artikkelen fortsetter under annonsen

For sjølv om forteljinga til tider er svært dramatisk, er den konstante spenninga mellom Nasiris muslimske og vestlege tilhøyrigheit noko av det som fascinerer mest med boka. Nasiri er muslim, fødd i Marokko, men oppvaksen i Belgia. Han nyt fridomen i Vesten, røykjer, drikk alkohol, er glad i kvinner og oppfører seg som ein moderne europear, samstundes som han identifiserer seg med islamske verdiar og støttar dei muslimske kampane i Israel, Tsjetsjenia og Kashmir.

«Amerika var den store Satan. Det var noe alle visste.»


Det er merkverdig å lese om korleis Nasiri i dei afghanske fjella blir forvandla til ein ekte mujahedin («heilag krigar», ein som deltek i jihad, heilag krig). Spiongjerninga verkar svært fjern når han skildrar det intense fellesskapet i treningsleiren:

I leiren var vi alle brødre, og vi gjorde alt vi kunne for hverandre. Det var vidunderlig å vite at hver eneste bror ville ha risikert livet sitt for meg, og at jeg ville ha gjort det samme for dem. Jeg har aldri følt meg så elsket, så ivaretatt. Og jeg ville ta vare på dem også.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Truverdig og personleg skildrar Nasiri ei verd som verkar fjern for ein sekulær europear. Her tel ikkje individet, krigarane rører seg i fjella som ein einaste stor kropp eller organisme: «Jeg forestilte meg at vi var en slags slange bestående av nesten hundre mujahedin.»

På nittitalet vaks al-Qaida til eit effektivt nettverk av islamistiske aktivistar; langt farlegare og meir velorganisert enn det den vestlege etterretningstenesta var i stand til å fatte. Mennene i Nasiris leir er drivne av ein brennande kjærleik for Gud og eit like brennande hat mot vestlege okkupantar. Det vert eksperimentert med kjemisk sprengstoff og gitt ei omfattande taktisk trening. I desse leirane vert grunnen lagt for den internasjonale, globaliserte jihad som Osama bin Laden er talsmann for. Då handlar det ikkje lenger om lokale konfliktar, men om eit hat mot Vesten som skal foreine muslimar på tvers av landegrenser. Og Nasiri let seg oppsluke: «Jeg var del av felleskapet [...] av fullstendig hengivenhet til Gud. [...] Hver kveld kostet det meg mer å huske at jeg ikke var en av dem. Huske at jeg var spion.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lærerikt innsyn


Eg-forteljaren i boka framstår i overkant sjølvrettferdig og hovmodig. Han nemner knapt dei moralske dilemmaene knytt til agentverksemda, men er svært oppteken av å få fram dei høgverdige måla som som styrer framfrerda hans. Han understreker til det einsformige korleis han aldri let seg styre, men heile tida er den «kunnskapslause» etterretningstenesta overlegen. Men dette er ei subjektiv forteljing, og memoarforfattararen har full rett til å evaluere og fortolke fortida slik han sjølv finn det for godt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Trass i den til tider provoserande sjølvgode og skinnheilage forteljarstemma, gir boka eit lærerikt innsyn i tankane til ein «heimlaus» muslim prega av krysspress mellom to kulturar. Som lesar får ein høve til å lære noko om den verda vi lever i, bakgrunnen for 11. september og pågåande konfliktar i Midt-Austen. Og kanskje får ein større forståing for den muslimske verdas hat mot Vesten og den vestlege arrogansen.

Omar Nasiri arbeidde som hemmeleg agent for fleire europeiske etterretningstenester i åra 1994 til 2000.

Det har vore diskutert om dette er ei sann forteljing eller ikkje, blant anna i den britiske avisa International Herald Tribune.

Her kan du lese fleire bokmeldingar

Meir litteratur i Neste Klikk:


Litteratur
Forfatterportrettet

Startsiden litteratur