Kalla minister samedame

Når fiskeriminister Helga Pedersen kler seg i samedrakt, må ho tole å bli kalla «samedame». Det meiner leiaren i Troms fiskarfylking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Helga Pedersen i samedrakt. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)Helga Pedersen i samedrakt. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)

Oslo (ANB): Det var under årsmøtet til Nord-Norges Rederiforening i helga at det kom fleire nedsetjande kommentarar om fiskeriministeren frå talarstolen. Ein av dei som uttalte seg var leiaren i Troms fiskarfylking, Jan Engen.

- Lat samedama fare, lirte han av seg under talen sin.

Fleire kommentarar frå andre skal også ha gått på Pedersen sin samiske bakgrunn. Stortingsrepresentant Steinar Gullvåg (Ap) var gjest under møtet, og han reagerer sterkt:

- Kommentarane dei kom med i forhold til Helga Pedersen grensar mot det eg vil kalle rasisme. Det var direkte nedsetjande bemerkningar om hennar samiske identitet, seier Gullvåg til bladet Fiskaren.

Jan Engen avviser anklagene om samehets mot Helga Pedersen.

- Eg klarer ikkje å kombinere dette med samehets. Ho har lagt opp løpet sjølv, med å stille i samedrakt under innsetjinga i departementet. Eg hugsar ikkje ordrett kva eg sa, men det var ikkje samehets, seier Engen. (ANB)

Personvernpolicy