Fedme trugar Afrika

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit kontinent som for mange er synonymt med svolt, står framfor eit heilt motsett folkehelseproblem, nemleg fedme.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Afrika har gått frå underernært til overernært utan å ta vegen om normal ernæring, meiner Dr. Krisela Steyn. (Foto: sxc.hu)- Afrika har gått frå underernært til overernært utan å ta vegen om normal ernæring, meiner Dr. Krisela Steyn. (Foto: sxc.hu)

- Afrika har gått frå underernæring til overernæring, utan å ha gått vegen om normal ernæring.

Det seier avgåande leiar av South African Medical Research Council's Chronic Disease and Lifestyle unit, Krisela Steyn.

Aukar i omfang


WHO reknar med at 41 prosent av afrikanske kvinner og 30 prosent av afrikanske menn vil vere overvektige i løpet av ein tiårsperiode. Allereie no er kontinentet på god veg til å nå desse tala.

Til dømes er 56 prosent av kvinnene i Sør-Afrika overvektige eller feite, medan mindre enn 10 prosent av sør-afrikanarane er undervektige.

Stor og velståande


Årsaka til aukande fedme i Afrika er samansett, men det handlar mykje om sosiale og tradisjonelle normar, meiner Steyn. I mange afrikanske land blir det sett på som eit sunnheitsteikn og eit teikn på velstand å vere «stor». Folk som tapar vekt, blir gjerne mistenkte for å ha tuberkulose eller AIDS.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ironisk nok er den fattige delen av befolkninga mellom dei som er mest utsette for fedme. Barn som har låg fødselsvekt og som blir feilernærte i barndommen blir lettare overvektige når dei blir vaksne. Det er heller ikkje uvanleg at vaksne over-matar desse barna for at dei skal ta igjen det forsømte.

Uhøfleg å seie nei


Men også aukande levestandard og sterkare urbanisering må ta sin del av skulda. Søt, feit og hurtig mat i kombinasjon med eit meir stillesitjande liv har sett sitt preg også på det afrikanske folket.

Utfordringane er store i eit kontinent kor det blir rekna som svært uhøfleg å takke nei til mat.

- Overvekt tyder tradisjonelt rikdom, suksess og lukke, seier Steyn. - Mange afrikanske kvinner er stolte av sine store magar, for det tyder at dei har ein mann som kan forsørgje dei godt.

Om lag ein milliard menneske er overvektige i verda, medan 800 millionar er underernærte.

Kjelde: NY Times

Meir utanriks i Neste Klikk.