Sudan avviser FN-soldatar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sudans president avviser planane om utplassering av ein felles fredsbevarande styrke i Darfur samansett av soldatar frå Den afrikanske unionen (AU) og FN.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

FNs generalsekretær Kofi Annan sa tidlegare denne månaden at Sudan i prinsippet hadde akseptert ein felles AU-FN-styrke. No seier Sudans president Omar al-Bashir nei til FN-soldatar. (Foto: REUTERS/Denis Balibouse (SWITZERLAND) /Scanpix)FNs generalsekretær Kofi Annan sa tidlegare denne månaden at Sudan i prinsippet hadde akseptert ein felles AU-FN-styrke. No seier Sudans president Omar al-Bashir nei til FN-soldatar. (Foto: REUTERS/Denis Balibouse (SWITZERLAND) /Scanpix)

Khartoum (NTB): President Omar al-Bashir sa måndag at han berre vil akseptere afrikanske soldatar under leiing av AU, melder BBC.

Samtidig avviste han rapportane om at over 200.000 menneske er blitt drepne i den krigsherja Darfur-provinsen. Ifølgje Bashir har færre enn 9.000 menneske mist livet i konflikten.

FNs generalsekretær Kofi Annan sa tidlegare denne månaden at Sudan i prinsippet hadde akseptert ein felles AU-FN-styrke.

Tryggingsrådet i FN har vedteke ein resolusjon som tek til orde for utplassering av 20.000 soldatar og polititenestemenn. (©NTB)