Vil straffe med alkolås

Vegdirektoratet ønskjer at fyllekøyrarar skal straffast med alkolås i staden for å miste «lappen».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Det er i eit brev til Samferdselsdepartementet at direktoratet føreslår at det vert innført et prøveprosjekt der promillestraffa vert erstatta med ein alkolås i tida førarkortet skulle ha vore beslaglagt.

Seksjonsleiar Finn Harald Amundsen i Vegdirektoratet seier til P4 Nyhetene at dette allereie er testa ut i Sverige og USA med positive resultat.

- Dei som har alkolås får jo ikkje starta bilen sin dersom dei har drukke. Det har fungert svært godt i utlandet, seier Amundsen til P4.

Han er derimot førebudd på at kritikarane vil hevde at fyllekøyrarane bør straffast på normal måte og ikkje få køyre vidare med ei teknisk innretning i bilen. (NPK)

Personvernpolicy